onsdag 19. januar 2011

for seint!

oidå...

Eg har akkurat begynt å like spinat. Eg har eigentleg aldri mislikt det, der er berre det at eg aldri har ete det. Det nærmaste eg kom til spinat som liten var å sjå Skipper'n på TV.
Men her om dagen var eg og skulle finne meg student-mat i butikken, og så hadde dei frosen spinat på tilbod.
Så eg kjøpte og åt. Fyrste bete var litt uvant, men etterpå var det nam så godt!

Og så - då eg akkurat hadde rukke å bli kjempeglad i spinat som er meir enn rikelig varma opp i mikrobølgeovn til ein kokvarm grønn klump, så ser eg på pakken.

"inneholder et naturlig høyt innhold av nitrat. Gi derfor ikke spinat til spedbarn."

Nå kunne eg ha valt å tenke "neivel - no problem!"
Men i staden tenkte eg "koffor ikkje?" og googla det.


(nå er det på tide å slutte å lese viss du òg er glad i spinat)


Jodå, for spinat er over middels nitratholdig. Nitrat blir i plantar ofte til nitritt som i våre kropper igjen lett kan bli til nitrosamin, som er FARLEG.  

                  ' ' ' ___ !!  (=forsøk på skjebnesymfonien i morse)

Spesielt farlig er det viss den grønne saken har blitt varma godt opp eller blir varma opp fleire gonger.

Og eg som gledde meg til å leve på spinat eit par veker!