fredag 12. januar 2007

Laurdag er grautdag

I dag hadde me havregrynsgraut. Det er såå godt=)

Gjett bibelverset

kva for eit Bibelvers er illustrert her? (klikk på biletet for å få det større). Greitt, de skal få eit lite hint òg: det er fra Jesaja...

«Solvor, om du hette Ruth?»...

...dette spørsmålet blei eg møtt med av to medelevar ein tidleg morgon då eg åpna døra til klasserrommet. Eg blei ganske så overraska og begynte å tvile på hørselen min, men neida, latterutbruddet frå alle dei andre som satt der konstanterte at spørsmålet var så sprøtt som eg trudde det var. Forklaringa var ganske enkel; dei hadde slått opp for å finne mobilnummeret mitt på gulesider, men sidan mobilen står registrert på mor, var det nærmaste som kom opp ei som heitte Ruth Solvor Nygård.

Eg innsåg at dette måtte eg forandre, ikkje
minst når eg fant ut at for å kunne lade opp kontoen på
mobilen på nettet, måtte eg stå som eigar. Så i dag ringte
eg til kundeservice og fiksa det. Om ei lita stund kan de jo
kikke og sjå om de finn meg på gulesider.

SWINGKURS!!!

Endeleg skal eg få gå på swingkurs! I haust leita Unn Iren og eg etter dansekurs me kunne gå på, aller helst salsa siden Unn Iren kan swing. Men me fann ikkje noko som passa. Men no har mor funne eit kurs som er midt i blinken! Det er helgekurs, så det blir berre i dag klokka 6-8 og i morgon klokka 2-4. Mor, Pia og eg skal. Det blir så kjekt! Det er i IOGT, Storgata 64, viss det er andre òg som vil gå.

Solvor var her...

Pia har fortalt meg om hennar vane av å ta bilete av beina sine når ho er på tur. Bare sånn for å bevise at ho faktisk var der. Eg synes det var ein fin ting å gjera. Alt det ein lærer av å ha ein utlending i hus! Her er bevis på at me gjekk på skjøyter på Klepp sist veke :



Bevis I

litt reklame for julebrus

isen

Bevis II

Nynorsk

Det slo meg at ikkje alle så lett forstår dialekt. Så derfor har eg vedtatt å skrive nynorsk, i alle fall til eg blir lei av det. Bokmål og eventuelle andre språk får det bli seinare...