lørdag 3. mars 2007

Det er ikkje gull alt som glimrar

Hugsar de Kalle Kanin? Han på barne-tv for 17-18 år siden som likte så godt asparges? Og så var det den slemme ulven som lagde ei tønne-felle med nettopp denne grønnsaken. Då Kalle kom forbi, la han merke til lokkematen i tønna. Han stoppa opp. "Det ser ut som asparges" meinte han og gjekk fram for å lukte. Joda, jammen kunne han ikkje slå fast at "Det lukter som asparges" òg. "Det er asparges!" jubla han, og så vart han fanga av ulven.

Kalle sto så levande for meg igjen då eg leste nyheitene om Mills som blir nekta av Landbruksdepartementet å kalle Vita hjertego' for ost, berre på grunn av at 97,7 prosent av melkefettet er fjerna.
Kritikken er grunna på at melk visstnok skal være ein viktig ingrediens i ein ost.

Men som fagsjef Linda Granlund i Mills (muligens inspirert av Kalle Kanin) sa: «det ser ut som en ost, smaker som en ost og oppfører seg som en ost».
Ergo må det være ein ost.









(sitat henta frå abcnyheter.no, artikkel fra 24.februar "Full krangel om hva som er en ost").