lørdag 12. mai 2007

Ser dette ut som lapskaus?

Ei stund etter at Pia hadde kome, holdt me på å snakke om typisk norsk og typisk tysk. Me var på temaet mat då ho plutselig påsto at lapskaus var ein hamburgisk spesialitet! Nei
og atter nei.
Så sa ho at ho skulle lage det til oss, så me fekk sjå korleis lapskaus skal være. Men eg veit korleis, nemlig som grått, men smakfullt gørr med mange store, mjuke klumpar av potet og sauekjøt i. Men neida, sauekjøt ville ho i alle fall ikkje ha i. Og klumpar gjorde ho sitt beste for å unngå (noko som ikkje var så lett når me ikkje har kjøttkvern heime).
Det smakte ganske godt, men lapskaus sånn som eg kjenner det smakte det ikkje. Sånn blei resultatet:

Facebook

greit, så ga eg te slutt itte for presse. Nå har eg åg blitt medlem. Men eg forstår ikkje koffor d må ver så utruligt møje sånt å bli medlem i. Å eg love ikkje at eg komme t å ver særligt møje inne der. Såg jo koss d gjekk me meg å msn...