onsdag 31. januar 2007

impuls

Impuls va bra! Å så va de så koseligt å ha Signe-Lisa på besøg. Eg sto på gus-stand me Signe-Lisa. Her e någen bilde fra den fina helgå:


Signe-Lisa på Stand . besøk på stand av Mirjam og Anne(Anne prøver sauehatten)
impuls 2007!

talar

Kebab på Ankara Kebab etterpå. Namnam!



tirsdag 30. januar 2007

Herzlichen Glückwunsch zum Geburtstag, Pia!


Den 30. Januar, rett før klokka tolv om natta, for 17 år siden blei Pia Schley født! Gralla me dagen, Pia=)

onsdag 24. januar 2007

Me vil ha nordlys

Nå har me vore ute 2 kveldar på rad for å kikke etter nordlyset, men det har ikkje vist seg ennå sjølv om vêret er akkurat rett. Men me hadde i alle fall to flotte turar og eg fekk tatt nokre bilete som de kan sjå under her.

Stakkars Pia hadde fått for mykje regn og stygt vêr. Her er kva ho sa då ho merka at det byrja å snø: Eg såg mot vindauget og såg noko kvitt (altså ikkje regn) og tenkte det var halg. Men så kom det ingen lyd! Så va det snø!

Bilete: 1. billys 2. snøball 3.Kattekismus



4. minusgrader 5. Unn Iren og Kattekismus

søndag 21. januar 2007

Nordtangen

Eg var på Nordtangen i helga for å få ei innføring i det nye programmet til Noregs KFUK-KFUM-speidarar. Det var omtrent 30 leiarar som deltok. Me tok fly til Gardermoen og kjørte
leiebil vidare. Det var skikkeleg mykje snø der, glatte vegar og stjerneklart (den siste berre fredag, før det starta å snø igjen). Me fekk så julestemning i bilen, så me tok eit par julesangar.

Det nye programmet er skikkeleg bra. Namna er nye og opplegget mykje meir heilhetleg. Seinare skal me reise til gruppene og fortelje om det. Me fekk prøve ut noko av det i helga og så åt me sjølvsagt mykje god mat.

Bilete: 1.Nordtangen, 2.lage wok på bålet, 3.leik, 4. snøvêr, 5.kursing, 6.god mat, 7.bil med snø (evt. snø med bil), 8.istapp på skilt Gardermoen, 9.leirbålskappe, 10.Norges KFUK-KFUM-speidere




Snø

ja komme de snø! Eg va på Nordtangen i helgå å gleda meg sånn te å komma heim å le av adle dåkke så faktisk har savna å gå på ski, å så bjynne de å snø rett før eg komme heim! De e dårligt gjort!

fredag 19. januar 2007

Klimpre klimpre


Pia har lert seg å spela gitar! Eller de vil sei,

eg har lert na fem gitargreb... Men hu e kjempeflinke!

Bare spør om hu kan ta ein liden konsert for deg

neste gong du treffe na.




mandag 15. januar 2007

Cellegruppa
e ein fine ting. Eg va på de i dag. De e koseligt å lererikt å kjekkt. Anbefale adle å få seg ei cellegruppa viss dåkke ikkje allerede har de.







Cellene i ei appelsin er små, men me kan sjå dei

søndag 14. januar 2007

Sundag

for ei fine helg de har vore denne helgå! Swingkurs, havragrynsgraud, UM å i dag besøg av Camilla å komla te middag=) Snart ska eg ner i kjedlare te Unn Iren å me (Unn Iren, Pia, Rune å eg) ska spela Phase 10, så e et kult spel me lerte i Tyskland. Eg har plana om å vinna.










på UM








på UM i kaféen









Camilla på besøk







Linda har fått nytt kamera







på swingkurs

Swingkurset

Nå har eg fullført eit heilt swingkurs - 4 timar dansing tilsaman. Det er den beste formen for trim eg har prøvd. Me kom ikkje så veldig langt, men det held godt til å dansa. Her er eit bilete av Pia i swing.

Bibelvers II
Greier de denne?

fredag 12. januar 2007

Laurdag er grautdag

I dag hadde me havregrynsgraut. Det er såå godt=)

Gjett bibelverset

kva for eit Bibelvers er illustrert her? (klikk på biletet for å få det større). Greitt, de skal få eit lite hint òg: det er fra Jesaja...

«Solvor, om du hette Ruth?»...

...dette spørsmålet blei eg møtt med av to medelevar ein tidleg morgon då eg åpna døra til klasserrommet. Eg blei ganske så overraska og begynte å tvile på hørselen min, men neida, latterutbruddet frå alle dei andre som satt der konstanterte at spørsmålet var så sprøtt som eg trudde det var. Forklaringa var ganske enkel; dei hadde slått opp for å finne mobilnummeret mitt på gulesider, men sidan mobilen står registrert på mor, var det nærmaste som kom opp ei som heitte Ruth Solvor Nygård.

Eg innsåg at dette måtte eg forandre, ikkje
minst når eg fant ut at for å kunne lade opp kontoen på
mobilen på nettet, måtte eg stå som eigar. Så i dag ringte
eg til kundeservice og fiksa det. Om ei lita stund kan de jo
kikke og sjå om de finn meg på gulesider.

SWINGKURS!!!

Endeleg skal eg få gå på swingkurs! I haust leita Unn Iren og eg etter dansekurs me kunne gå på, aller helst salsa siden Unn Iren kan swing. Men me fann ikkje noko som passa. Men no har mor funne eit kurs som er midt i blinken! Det er helgekurs, så det blir berre i dag klokka 6-8 og i morgon klokka 2-4. Mor, Pia og eg skal. Det blir så kjekt! Det er i IOGT, Storgata 64, viss det er andre òg som vil gå.

Solvor var her...

Pia har fortalt meg om hennar vane av å ta bilete av beina sine når ho er på tur. Bare sånn for å bevise at ho faktisk var der. Eg synes det var ein fin ting å gjera. Alt det ein lærer av å ha ein utlending i hus! Her er bevis på at me gjekk på skjøyter på Klepp sist veke :



Bevis I

litt reklame for julebrus

isen

Bevis II

Nynorsk

Det slo meg at ikkje alle så lett forstår dialekt. Så derfor har eg vedtatt å skrive nynorsk, i alle fall til eg blir lei av det. Bokmål og eventuelle andre språk får det bli seinare...

torsdag 11. januar 2007

Slutt på syvsoving

På mandag bjynnte eg på skulen ijen. De va ikkje så kjekkt for meg, men eg trur Martha å Pia va ganske glae for at eg endele ikkje kunne sova møje lenger enn dei om mårenen.


Ei vega me blogg

Eg har hatt denne bloggen i kanskje ei vega, å allerede ligge eg på itteskudd.. jaja
Jalfall så hadde eg tenkt å skriva litt om sist lørdag. Eg va nemligt i selskab te Linda, så blei 21 år 2. juledag! De va skikkeligt koseligt, å de va mange så kom. Linda hadde gjort klar så dei så ville kunne spela Buzz å Singstar. Buzz har eg aldri prøv før, men de va et underholdane å løye spel.

Akkurat når eg sko gå, kom eg på at eg glømte å ta bilde. Men då fekk eg jalfall tatt ett av bursdagsbarnet å Pia. De ser dåkke her:



lørdag 6. januar 2007

Nyttår på Leite

inneholdt mellom anna



banansjokolade





Pia








miming av varulv





baking








"gjett kven du er "- leiken





rakettar








kakespising


fredag 5. januar 2007

Blogg

Hei nå ska eg prøva meg på å skriva blogg. Kan ikkje garantera at de blir så mange innlegg, men me får sjå.