fredag 23. februar 2007

Redningsaksjon

I lekehyttå fannt Unn Iren ein forfrossen stakkars eddarkopp. Han bevegde seg ikkje i de heila tatt, men udenom de så såg an fine å tjukke ud. Så då prøvde me å blåsa litt på an. Itte litt av denne føningå, blei an så livlige så. Nå leve an lykkelig sine daga i boghyllå inne i lekehyttå vår.







Edna Edderkopp






Både fru Edna og herr Petter Edderkopp liker det best når sola skin

søndag 18. februar 2007

Pirosjki og New York

Pirosjki (russisk/aserbajdsjansk fast food) og New York har vel eigentleg ikkje så mykje til felles, viss me ser vekk fra at innholdet i begge er ei stappe av mykje rart. Men hadde det ikkje vore for at tre familiemedlem er i New York, så hadde me ikkje hatt heile kjøkkenet og stova for oss sjølv i går til å lage denne fantastiske retten.



Signe-Lisa og Andrea et pirosjki i Aserbajdsjan











Pirosjki i Leiteveien 40





Etter at eg hadde spist meg mett på pirosjki og på det nydelege ferske brødet til Pia, såg me Pirates of the Caribbean. Den hadde ingen slutt! Eg blei så skuffa =(

Ellers så må eg ikkje gløyma det fantastisk store som skjedde på laurdag: Pia vant i eit spel! Faktisk meir enn ein gong òg. Fyrst vant ho ein gong i spøkelset og så blei ho president i Presidenten. Siden presidenten fekk dei tre beste av bomsen, fekk ho behalde den gode stillinga si to rundar før ho brutalt føyk ned som boms. Jaja, no veit me i alle fall at det er mogleg. Så: Gratulerer, Pia!

tirsdag 13. februar 2007

Det Store Skinkeboks-Slaget

Ikkje alle skinker overgir seg like lett. I går var me fire mann (eller eigentleg ein mann og fire kvinner), men strevde likevel lenge for å få knerta boksen.

Det heile starta med at far skulle ha karatreff heime. Og siden mor ikkje var heime, og kjøleskapet nokså tomt, foreslo me jentene i huset at han skulle skjære opp ei skinke til maten og servere. Då ser brødmåltida straks mykje stiligare ut.

Så var det berre å få opna den boksen då. Han hadde ikkje sånn nøkkel ein kan dra i for å få opp lokket. Først prøvde me boksåpnaren vår, eit gamalt, kvitt apparat på veggen som blei satt opp omtrent same tid som huset vårt. Denne svikta totalt. Alt han gav, var eit lite kikkehol inn til skinka.

Etter lang romstering i skuffene fann far eit anna opnereidskap. Han var den einaste som forsto at den metalldingsen var til å opne boksar med. Eg trur ikkje metallsaken forsto det sjølv ein gong. Han laga nokre store, trekanta hol, men tok med seg trekantbiter av kjøtet med det same.

Alternativ nummer fire var å prøve med ein raud lommekniv. Det gjekk heller ikkje så godt.

No var me ganske leie. Boksen såg ganske smadra ut og likeså den lille delen av skinka som hadde kome fram i dagslyset. Det var rett før eg sa meg einig med muslimane i at gris er best å ikkje ete. Det vart jo berre griseri over heile benken. Vanlig kniv virka heller ikkje. På toppen av det heile skar far seg to gongar på dei kvasse kantane av herr Skinkeboks.

Men på mirakuløst vis ga motstandaren vår seg til slutt. Unn Iren tok det modige sluttoppgjøret med å pirke innholdet ut gjennom det lille holet me hadde laga, medan dei stolte og til dels blodige seierherrane (igjen, ein herre og resten frøkener) sto og såg på.

Kven sa vel at fire mot éin er urettferdig?












skada finger

våpena












prosessen

På tur

Fire tobeinte og to firbeinte på tur til gapahuken ved Dalsnuten (Unn Iren gjekk før eg kom på at fotoapparatet var med).



tirsdag 6. februar 2007

Samefolkets dag, 6.februar

Hurra!



Das Urteil klar til dom

Endeligt! Nå e eg heilt ferige me Kafka-presentasjonen min, analyse av das Urteil. Ikkje akkurat de lettaste eg har prøvd meg på. Kjenne meg så klar for å få arbeide mitt slakta av leraren imårå...

fredag 2. februar 2007

Ubestemmelige ting

Någen ting e rett å slett bare ubestemmelige. De gjelde fysst å fremst mad, men åg andre ting. Sjøl om eg prøve mitt besta å finna ud om eg lige d eller ikkje, så greie eg d ikkje.
Her e ei lista øve de ubestemmeliga (du må gjerna tipsa meg om meir viss du forstår ke eg snakke om å vett om någe):

- Paprika (så sprøtt å saftigt, men de smage så merkeligt!)
- Läkerol kaktus. Kan kaktus ver godt?
- Lyden av kviskring. E de plagsomt elle e de ein rolige fine lyd?
- "ullete mjølkage" fra Aserbajdsjan
- vekkerklokke.e de best å komma på tiå eller best å få sova lenge?
- leverpostei
- snø