tirsdag 13. februar 2007

Det Store Skinkeboks-Slaget

Ikkje alle skinker overgir seg like lett. I går var me fire mann (eller eigentleg ein mann og fire kvinner), men strevde likevel lenge for å få knerta boksen.

Det heile starta med at far skulle ha karatreff heime. Og siden mor ikkje var heime, og kjøleskapet nokså tomt, foreslo me jentene i huset at han skulle skjære opp ei skinke til maten og servere. Då ser brødmåltida straks mykje stiligare ut.

Så var det berre å få opna den boksen då. Han hadde ikkje sånn nøkkel ein kan dra i for å få opp lokket. Først prøvde me boksåpnaren vår, eit gamalt, kvitt apparat på veggen som blei satt opp omtrent same tid som huset vårt. Denne svikta totalt. Alt han gav, var eit lite kikkehol inn til skinka.

Etter lang romstering i skuffene fann far eit anna opnereidskap. Han var den einaste som forsto at den metalldingsen var til å opne boksar med. Eg trur ikkje metallsaken forsto det sjølv ein gong. Han laga nokre store, trekanta hol, men tok med seg trekantbiter av kjøtet med det same.

Alternativ nummer fire var å prøve med ein raud lommekniv. Det gjekk heller ikkje så godt.

No var me ganske leie. Boksen såg ganske smadra ut og likeså den lille delen av skinka som hadde kome fram i dagslyset. Det var rett før eg sa meg einig med muslimane i at gris er best å ikkje ete. Det vart jo berre griseri over heile benken. Vanlig kniv virka heller ikkje. På toppen av det heile skar far seg to gongar på dei kvasse kantane av herr Skinkeboks.

Men på mirakuløst vis ga motstandaren vår seg til slutt. Unn Iren tok det modige sluttoppgjøret med å pirke innholdet ut gjennom det lille holet me hadde laga, medan dei stolte og til dels blodige seierherrane (igjen, ein herre og resten frøkener) sto og såg på.

Kven sa vel at fire mot éin er urettferdig?












skada finger

våpena












prosessen

På tur

Fire tobeinte og to firbeinte på tur til gapahuken ved Dalsnuten (Unn Iren gjekk før eg kom på at fotoapparatet var med).