onsdag 19. januar 2011

for seint!

oidå...

Eg har akkurat begynt å like spinat. Eg har eigentleg aldri mislikt det, der er berre det at eg aldri har ete det. Det nærmaste eg kom til spinat som liten var å sjå Skipper'n på TV.
Men her om dagen var eg og skulle finne meg student-mat i butikken, og så hadde dei frosen spinat på tilbod.
Så eg kjøpte og åt. Fyrste bete var litt uvant, men etterpå var det nam så godt!

Og så - då eg akkurat hadde rukke å bli kjempeglad i spinat som er meir enn rikelig varma opp i mikrobølgeovn til ein kokvarm grønn klump, så ser eg på pakken.

"inneholder et naturlig høyt innhold av nitrat. Gi derfor ikke spinat til spedbarn."

Nå kunne eg ha valt å tenke "neivel - no problem!"
Men i staden tenkte eg "koffor ikkje?" og googla det.


(nå er det på tide å slutte å lese viss du òg er glad i spinat)


Jodå, for spinat er over middels nitratholdig. Nitrat blir i plantar ofte til nitritt som i våre kropper igjen lett kan bli til nitrosamin, som er FARLEG.  

                  ' ' ' ___ !!  (=forsøk på skjebnesymfonien i morse)

Spesielt farlig er det viss den grønne saken har blitt varma godt opp eller blir varma opp fleire gonger.

Og eg som gledde meg til å leve på spinat eit par veker!

mandag 17. januar 2011

Om glede

.
E d ikkje fint kor glae d går an å bli av å t?
At d går an å bli så glae at ein ikkje trur at ein kan ha forstått dei goe nyhedene rett.
Så glae at ein må lesa nøye at ein ikkje har lest feil, å at meldingen va frå den ein trudde.
Å hoppa ner trappå å dunke borti absolutt alt på veien, men knapt legge merke t d.

Å så glae at t å me når ein har fått bekrefta at d e akkurat så flott så ein trur frå fleire kanta: å gå tebage å sjekka igjen.

søndag 16. januar 2011

hiva ball

Idag tapte eg i ball-leg med ein 2-åring og ein 4-åring. Uden å gjors på.
E d på tide å trena?

lørdag 8. januar 2011

:D

dagens

Min store drøm! (ein av dei, jalfall)

Hurra! Eg får lov t å registrera meg som blodgivar vegå så komme! Di e visst ikkje så strenge på reglane t registreringå, så eg må ikkje venta =)