søndag 18. februar 2007

Pirosjki og New York

Pirosjki (russisk/aserbajdsjansk fast food) og New York har vel eigentleg ikkje så mykje til felles, viss me ser vekk fra at innholdet i begge er ei stappe av mykje rart. Men hadde det ikkje vore for at tre familiemedlem er i New York, så hadde me ikkje hatt heile kjøkkenet og stova for oss sjølv i går til å lage denne fantastiske retten.



Signe-Lisa og Andrea et pirosjki i Aserbajdsjan











Pirosjki i Leiteveien 40





Etter at eg hadde spist meg mett på pirosjki og på det nydelege ferske brødet til Pia, såg me Pirates of the Caribbean. Den hadde ingen slutt! Eg blei så skuffa =(

Ellers så må eg ikkje gløyma det fantastisk store som skjedde på laurdag: Pia vant i eit spel! Faktisk meir enn ein gong òg. Fyrst vant ho ein gong i spøkelset og så blei ho president i Presidenten. Siden presidenten fekk dei tre beste av bomsen, fekk ho behalde den gode stillinga si to rundar før ho brutalt føyk ned som boms. Jaja, no veit me i alle fall at det er mogleg. Så: Gratulerer, Pia!