søndag 21. januar 2007

Nordtangen

Eg var på Nordtangen i helga for å få ei innføring i det nye programmet til Noregs KFUK-KFUM-speidarar. Det var omtrent 30 leiarar som deltok. Me tok fly til Gardermoen og kjørte
leiebil vidare. Det var skikkeleg mykje snø der, glatte vegar og stjerneklart (den siste berre fredag, før det starta å snø igjen). Me fekk så julestemning i bilen, så me tok eit par julesangar.

Det nye programmet er skikkeleg bra. Namna er nye og opplegget mykje meir heilhetleg. Seinare skal me reise til gruppene og fortelje om det. Me fekk prøve ut noko av det i helga og så åt me sjølvsagt mykje god mat.

Bilete: 1.Nordtangen, 2.lage wok på bålet, 3.leik, 4. snøvêr, 5.kursing, 6.god mat, 7.bil med snø (evt. snø med bil), 8.istapp på skilt Gardermoen, 9.leirbålskappe, 10.Norges KFUK-KFUM-speidere




Snø

ja komme de snø! Eg va på Nordtangen i helgå å gleda meg sånn te å komma heim å le av adle dåkke så faktisk har savna å gå på ski, å så bjynne de å snø rett før eg komme heim! De e dårligt gjort!