torsdag 17. mai 2007

onsdag 16. mai 2007

Kattunga

Martha kom i går å sa at eine katten til farfar, Fillekatten, hadde fått kattungar. Det kom som ei overrasking. Eg visste at både Fillekatten og den andre katten til farfar, Lillepus, venta. Men magane var så små eg tenkte det var lenge til. Så hadde altså Fillekatten brått fått tre små søte svarte og kvite eller kvite og svarte mjauande klumpar.

Men det var ikkje alt som overraska. For det er visst ikkje berre eg som blandar kven som er Lillepus og kven som er Fillekatten (svarte og kvite, dei òg). Dei greier ikkje holde styr på det sjølv heller. I dag var Pia og eg borte hjå farmor og farfar for å sjå på kattungane. Då låg det ei stolt mor i kassen og passa på borna. Men etter ei stund kom den andre katten, og då såg me at det var feil pus som låg der! Så no har dei to mødre; både Fillekatten og Lillepus ligg i kassa.






første kikk på ein så liten katt







Ein liten pus.




Lillepus ligg og passer på...





...og det gjer Fillekatten òg.

lørdag 12. mai 2007

Ser dette ut som lapskaus?

Ei stund etter at Pia hadde kome, holdt me på å snakke om typisk norsk og typisk tysk. Me var på temaet mat då ho plutselig påsto at lapskaus var ein hamburgisk spesialitet! Nei
og atter nei.
Så sa ho at ho skulle lage det til oss, så me fekk sjå korleis lapskaus skal være. Men eg veit korleis, nemlig som grått, men smakfullt gørr med mange store, mjuke klumpar av potet og sauekjøt i. Men neida, sauekjøt ville ho i alle fall ikkje ha i. Og klumpar gjorde ho sitt beste for å unngå (noko som ikkje var så lett når me ikkje har kjøttkvern heime).
Det smakte ganske godt, men lapskaus sånn som eg kjenner det smakte det ikkje. Sånn blei resultatet:

Facebook

greit, så ga eg te slutt itte for presse. Nå har eg åg blitt medlem. Men eg forstår ikkje koffor d må ver så utruligt møje sånt å bli medlem i. Å eg love ikkje at eg komme t å ver særligt møje inne der. Såg jo koss d gjekk me meg å msn...

mandag 7. mai 2007

Ke så har skjedd

den sista vegå har eg ikkje skreve så møje, så her komme ein liden oppsummering på ke eg har jort:

1. lest t eksamen












2. fått besøg av piggsvin











3. drukke opp resten av den tyske is-teen samen me Unn Iren













4. Prøvd å dra ein ledning ud av veggen samen me mor - fysst uden hanska (AU)










å så me hanska. Litt mindre vondt













5. latt Lucy prøva bukså fra når eg va russ














6. og vore kjerketenar

ei lita oppdatering

Nicolas Sarkozy inn
og ut med Jaques

lørdag 28. april 2007

Løvekismus

Nå har Kattekismus endeleg blitt ei skikkeleg løve (eller skal eg seie ein puddel?). Mesteparten av han er vanlegvis hår. Og nå begynte det å filtre seg saman igjen og bli ein stor klump.

Det hende ein gong før. Då måtte me klippe han i fleire timar. Huden blei litt klyppt i den òg, og etterpå blei han skikkeleg solbrent, for me måtte klippe så nær inntil huden. Så denne gongen tenkte me å være føre var og klippte likegreit av det meste når me var så godt i gang.
No har han nesten ingenting hår på sjølve kroppen, men hovudet er like bustete som før, som på ei løve. Halen er òg ganske diger.

Først var han litt flau, for han var plutseleg så mykje mindre. Nå er han vand med det

Her kan de sjå resultatet av klippinga:

før




etter

heima

kan d òg ver ganske fint



E18

Ein fin veg rett og slett

d fyssta bilde e tatt av Andrea

Belgfruktene på Vegårdshei

Torsdag til fredag var bønnesamling på Vegårdshei med Bønna, Sukkererta, Belgmørken og Sekkepipa, altså alle de fire belgfruktene. Me planla mellom anna turen vår til ildens rike i sommar, me hadde teamsamling, fekk irakisk mat av naboen til Sukkererta og høyrde på Belgmørken som fortalde yndlingsvitsen vår.

Det var skikkeleg varmt der i Syden, så mange sommarfuglar flaug rundt. Det same gjorde ein mygg, men han blei flat temmeleg raskt.


Den irakiske maten var nydeleg. Men kokken var, i ekte arabisk/aserbajdsjansk stil, bekymra for at ho ikkje hadde laga nok mat. Det var jo tross alt berre noko sånnt som ein svær kylling, eit kilo ris, 20 krydra potet-ris-kjøttdeigkaker, ei stor skål salat og eit fat med frukt.

fredag 20. april 2007

The International Committee of Systematic Bacteriology, Subcommittee on thetaxonomy of Bifidobacterium, Lactobacillus and related organisms

.
Hold pusten - her kjem løysinga på Culturbakterie-mysteriet!
Legg merke til den flotte oppstillinga av svaret. Må seie meg enig med Unn Iren i at det liknar litt på eit dikt på oppsettet!
---------------------------------------------------------------------------

"Cultura Naturell - kultur

Hei Solvår (kremt! Eg presiserte både på telefon og på epost at namnet mitt blir skrive med 2 ganger "o") og Unn Iren

Vi takker for hyggelig telefonsamtale og utfyllende e-mail. Det er
ingen
endring av bakteriekulturen som brukes i Cultura, men den har skiftet
navn.
Endringen av navn fra Bifidobacterium bifidum til Bifidobacterium
lactis er
i henhold til informasjon fra vår leverandør av bakteriekulturer.Bifidobacterium lactis er et mer korrekt navn på den aktuelle bakteriestammen som brukes i Cultura. Navnet er bestemt av "The International Committee of Systematic Bacteriology, Subcommittee on the taxonomy of Bifidobacterium, Lactobacillus and related organisms".
Håper
dette var svaret på spørsmålene deres.

Med vennlig hilsen TINE BA"

Oida!

Gjett ke så skjedde...

torsdag 19. april 2007

For alle som ikkje må på troppssamling i helga

Lørdag 18:00 avskjedfest for Robert og Prince, som skal tilbake til skulen sin igjen. Sjå på Laget UiS sine flotte, nye heimesider www.lagetuis.com






Lactobacillus acidophilus, bifidobacterium bifidum

"Lactobacillusacidophilusbifidobacteriumbifidum! Eg va fysst!" Dette va Unn Iren sin å min litle konkurranse me madbordet når me va små (i alder, ikkje bare i størrelse). Viss dåkke har kikka bag på ein Cultura-kartong någen gong, så har dåkke kanskje sitt at d står at den inneholde A å B - bakteria, å så komme någen merkelige latinske navn for dei to. Så besto konkurransen i å ver fystemann te å roba ke d va dei hette.Eg huske eg strevde lenge me å lera at d hette "bifidobacterium bifidum" å ikkje "bifidobacterium bifidium". Omtrent sånn så andre unga ikkje greie sei Ketsjup, men seie Kepsjup. Men når eg endligt hadde lert d, så satt d jammen godt fast.

Så, ei stund tebage, kom me tilfeldigvis på legen vår igjen, å sko bare kikka bagpå kartongen for gamle tiders skyld. Men te vår store forskrekkelse sto d feil! D sto "bifidobacterium lactis"!?! Ke va skjedd? Hadde di skreve feil, eller va d uden forvarsel ein nye bakterie eller ke va d? Me va sjokkerte, for å sei d mildt.

For någen daga siden toppa d seg for oss. Me kunne ikkje fortsetta å drikka Cultura som om ingenting hadde hendt, uden å få ett svar. Så me ringte te Cultura å spurte.

Ei dama tog telefonen å eg trakk pusten djupt å forklarte sagen.
Heilt stilt i andre enden...
"Hallo?"
Ennå heilt stilt.

Så komme d ett svakt svar: "eehm... æ veit itj heilt! Bære vejnnt litt, så ska æ prøv å finnj d ut!"
Lang stillhet. Heila denne tiå sitte Unn Iren attme å vente spent.

Eg va sikker på hu hadde lagt på røyret. Men så va hu tebage. "Nei, æ veit itj. Ka va d du sa ijæn?" Å eg forklare. Kan ein bakterie bare plutselig skifta navn? Å så legge eg te spørsmålet om hu vett koffer d i så fall får endingen lactis, ikkje lactum. Om hu kan forklare den latinske grammatikken bag d? Hu å prøve å skriva ner spørsmålå, men gjer opp: "kunne du sendt de skriftli?" Ja, så fekk eg adressen å sendte. D tog litt ti før di fant svare, så eg ska la dåkke bli pint av nysjerrigheden litt òg, sånn så me blei.

Forstettelse følger...