Men det var ikkje alt som overraska. For det er visst ikkje berre eg som blandar kven som er Lillepus og kven som er Fillekatten (svarte og kvite, dei òg). Dei greier ikkje holde styr på det sjølv heller. I dag var Pia og eg borte hjå farmor og farfar for å sjå på kattungane. Då låg det ei stolt mor i kassen og passa på borna. Men etter ei stund kom den andre katten, og då såg me at det var feil pus som låg der! Så no har dei to mødre; både Fillekatten og Lillepus ligg i kassa.
første kikk på ein så liten katt
Ein liten pus.
Lillepus ligg og passer på...
...og det gjer Fillekatten òg.