Ikkje alle skinker overgir seg like lett. I går var me fire mann (eller eigentleg ein mann og fire kvinner), men strevde likevel lenge for å få knerta boksen.
Det heile starta med at far skulle ha karatreff heime. Og siden mor ikkje var heime, og kjøleskapet nokså tomt, foreslo me jentene i huset at han skulle skjære opp ei skinke til maten og servere. Då ser brødmåltida straks mykje stiligare ut.
Så var det berre å få opna den boksen då. Han hadde ikkje sånn nøkkel ein kan dra i for å få opp lokket. Først prøvde me boksåpnaren vår, eit gamalt, kvitt apparat på veggen som blei satt opp omtrent same tid som huset vårt. Denne svikta totalt. Alt han gav, var eit lite kikkehol inn til skinka.
Etter lang romstering i skuffene fann far eit anna opnereidskap. Han var den einaste som forsto at den metalldingsen var til å opne boksar med. Eg trur ikkje metallsaken forsto det sjølv ein gong. Han laga nokre store, trekanta hol, men tok med seg trekantbiter av kjøtet med det same.
Alternativ nummer fire var å prøve med ein raud lommekniv. Det gjekk heller ikkje så godt.
No var me ganske leie. Boksen såg ganske smadra ut og likeså den lille delen av skinka som hadde kome fram i dagslyset. Det var rett før eg sa meg einig med muslimane i at gris er best å ikkje ete. Det vart jo berre griseri over heile benken. Vanlig kniv virka heller ikkje. På toppen av det heile skar far seg to gongar på dei kvasse kantane av herr Skinkeboks.
Men på mirakuløst vis ga motstandaren vår seg til slutt. Unn Iren tok det modige sluttoppgjøret med å pirke innholdet ut gjennom det lille holet me hadde laga, medan dei stolte og til dels blodige seierherrane (igjen, ein herre og resten frøkener) sto og såg på.
Kven sa vel at fire mot éin er urettferdig?
skada finger
våpena
prosessen
5 kommentarer:
Hehe! Me måtte bruka lommekniv på å åpna ananas boksene når me va på Nikko-weekend, å d va ikkje få. Men me endte ikkje opp me blodige fingrer heldigvis :p
Jeg var også der som observatør, klar til å gripe inn dersom noe skulle gå galt. Helt sant altså!
Det er godt å sjå at malmheim folk ordner opp!!!
Forøvrig kan eg meddela at gaffa- og sportsteip fiksar det mesta, er ikkje heilt sikker på korleis det skulle gjort det her men det hadde nok gått!
hei sekkepipa!
vet du hva-tro det eller ei, men jeg kjempa også en innbitt kamp mot herr Skinkeboks her om dagen!
jeg skulle lage 50 horn med ost og skinke til øvingshelga med koret. min egen ganske så nyinnkjøpte boksåpner funka heller dårlig. bare noen ørsmå smutthull her og der (den skjønte nok heller ikke selv at den var en boksåpner).
dermed prøvde jeg den fine røde som henger på veggen på kjøkkenet på institusjonen. men den ville heller ikke være med på å åpne denne skinka.
jeg prøvde så med en kniv, for det har funka så fint for andre, har jeg sett. men det funka altså ikke for meg.
jeg begynte å bli passelig irritert, og var nesten på vei til Spar for å investere i en ny boksåpner, da en av de andre institusjonsbeboerne tipset meg om å spørre naboene om hjelp.
jeg var på vei ut da jeg plutselig kom til å tenke på noe; hva med det andre kjøkkenet? kan det være noe der? og jammen så hang det ikke en sånn fin og rød en på veggen der inne også. og gjett hva-den funka!! mr. Skinke var herved åpna. slaget var VUNNET!! (ihvertfall nesten, måtte bare hjelpe til litt med den meget skarpe kjøkkenkniven-noe som resulterte i en passelig stor blødning. men det gikk bra til slutt:))
takk til kjøkken nr 2- man bor da ikke på institusjon for ingenting!
uff da, detta blei langt. men måtte bare dele det...:) jätte bra blogg du har, forresten!
Hei Sukkererta :)
Stakkars deg, eg håbe fingrane dine har de bra nå. Sånne skinkeboksa e ikkje allti så medgjørlige. Å så 50 horn åg då! Då kan de bli farligt. De e godt du kan spørr om hjelp åg. Sånn så når me spurte dei på Bizim om dei kunne åpna glaset for oss.
te Gunn:eg får testa gaffateip neste gong. Kanske an e så sterke at viss du klistre an på låge, så kan du dra de av? Men å klistra de på medlemma i cellegruppå å på bilen din e kanskje meir tradisjonelle brug. Det er ikkje alltid så lett å skilje mellom nynorsk og dialekt.
til Linda: du må visa meg koss me gjørr de me lommekniv ein gong. Om du va me når me brukte ein stein te å åpna ein ananasboks (de orde e allti vanskeligt å skriva) i Vagleskogen på ein speidartur for lenge siden?
Legg inn en kommentar