...dette spørsmålet blei eg møtt med av to medelevar ein tidleg morgon då eg åpna døra til klasserrommet. Eg blei ganske så overraska og begynte å tvile på hørselen min, men neida, latterutbruddet frå alle dei andre som satt der konstanterte at spørsmålet var så sprøtt som eg trudde det var. Forklaringa var ganske enkel; dei hadde slått opp for å finne mobilnummeret mitt på gulesider, men sidan mobilen står registrert på mor, var det nærmaste som kom opp ei som heitte Ruth Solvor Nygård.
Eg innsåg at dette måtte eg forandre, ikkje

minst når eg fant ut at for å kunne lade opp kontoen på
mobilen på nettet, måtte eg stå som eigar. Så i dag ringte
eg til kundeservice og fiksa det. Om ei lita stund kan de jo
kikke og sjå om de finn meg på gulesider.
1 kommentar:
Hehe =)
Legg inn en kommentar