Eg var på Nordtangen i helga for å få ei innføring i det nye programmet til Noregs KFUK-KFUM-speidarar. Det var omtrent 30 leiarar som deltok. Me tok fly til Gardermoen og kjørte
leiebil vidare. Det var skikkeleg mykje snø der, glatte vegar og stjerneklart (den siste berre fredag, før det starta å snø igjen). Me fekk så julestemning i bilen, så me tok eit par julesangar.
Det nye programmet er skikkeleg bra. Namna er nye og opplegget mykje meir heilhetleg. Seinare skal me reise til gruppene og fortelje om det. Me fekk prøve ut noko av det i helga og så åt me sjølvsagt mykje god mat.
Bilete: 1.Nordtangen, 2.lage wok på bålet, 3.leik, 4. snøvêr, 5.kursing, 6.god mat, 7.bil med snø (evt. snø med bil), 8.istapp på skilt Gardermoen, 9.leirbålskappe, 10.Norges KFUK-KFUM-speidere
4 kommentarer:
Haha, ja me fekk snø her og =) Nordtangen ja.. huske når me va på kurs der, å lerte en sang så me sang på toget fra Oslo te Sandnes. Haha.. stakkars folk så satt rundt oss.
Hmm du var på kurs ja:)
Det var jo gjildt at det var gjildt:)
Hei vett du forresten at to av dei så va på KILT va der i helgå, Linda? Å akkurat når eg sko gå, så holdt hu eina liggeunderlage opp te øyra å så sa hu andra (Heidi, huske du na?): "du har et liggeunderlag i øret!" men hu hørrte jo ikkje, for hu hadde ett liggeunderlag i øyra. Så dei huskte leirbåle vårt!
Haha!! Ja eg huske Heidi. Sjef at dei huske leirbålet vårt, hahaha!! :D
Legg inn en kommentar