torsdag 29. mars 2007

Påskenøtt 1


Her er ein liten rebus som oppvarming til påsken. Tips: Svaret er frå ein sang brukt mykje i faste-tida. Hardhetsgrad på oppgåva: eikenøtt = lett


Dei som ikkje er blinde bruker augene sine til å... + "me" på bokmål + beveger på beina for å komme seg framover+ motsatt av "ned" + 10 + L + Antonym av "å ta" (uttalen, ikkje skrivemåten og bruk nynorsk/julabygsådialekt-varianten) + ikkje glatt + sete til å ha på hesten + dei to første bokstavane i namnet til den presten som er nabo til mrs. Bucket i tv-serien "Høy på pæra".



fredag 23. mars 2007

Novruz-feiring på Leite

Så blei de litt bålhopping på meg åg ligavel sånn så d hørre me på Novruz, sjøl om d va ein dag forseint. Pia va i Danmark onsdag, men i går va både hu å Martha klar for ei lidå feiring.
D blei ett pagodebål,ikkje sånn svært ud te alle kanta så d va i gadene i Ganja. Å så hadde me me oss leirbålskappå mi å stjerneskudd. Ikkje heilt tradisjonell Novruz, me andre ord. Men kjekt va d.



tenne bålet





Pia i
leirbåls-
kappa
mi






bålets
flammer



stjerneskudd
og månen






Solvor hopper





Pia over
Novruz-bålet







Hoppan,
Martha!












Pia sine
sko flyr
over bålet




Pia slokker bålet

Pia på UiS

Denne veka har Pia vore med meg på universitetet. Det var kjempebra, ikkje minst fordi ho sørga for matpakke med pålegg kvar einaste dag! (eg har vanlegvis ikkje pålegg på, eg prioritér å sova lenger). Og så var det på tide ho fekk friska opp tysken sin.



onsdag 21. mars 2007

Novruz bayramınız mübaræk!

Novruzfeiring i fjor (ein av tysdagane før Novruz). Novruz er ein stor aserbajdsjansk vår/nyttårs-fest.













dansing og mat




leikar

mandag 12. mars 2007

Tikken!

Tikken for dei så ikkje lige å springa. Eg blei tatt av Linda.

Regla: kver speler starte me å skriva seks løgne ting om seg sjøl. Bloggare så blir "tatt" av dei må skriva seks løgne ting om seg sjøl i sin egen blogg, i tillegg te å lista opp reglane for spelet. Te slutt velge spelaren seks nye bloggare så "har an", å liste opp navnå deiras. Itte de skrive han eller hu ein kommentar på bloggen til kver av dei, for så å la dei få veda at di har blitt "tatt", å at di må lesa bloggen te den så tog dei for meir informasjon.

1.Heilt te slutten av barnaskulen va eg redde for alt så hette å snakka i telefonen

2.eg pleide å laga skulebøge me lekse i te lillesysterå mi

3.Når eg va liden hadde eg å någen andre kver våre snigla å så holdt me sniglaløb å såg ke for ein så kom fysst i mål

4.ei stonn va eg skikkeligt redde kver gong någen glømte å skru av fjernlyse når de kjørte mod mor sin bil. For hu hadde sagt ein gong te meg någe om at de va så dumt når di ikkje gjorde det, for då kunne ein bli blenda. Så forsto ikkje eg forskjellen på blenda å blinda, å eg va så redde for at mor sko bli blinde.

5.eg heiv Kattekismus, pusen te Martha, ner i badebassenge når han va kattunge for å finna ud koffor ikkje katta lige å symma. Han e ennå redde for symmebasseng. Viss du vil veda de, så lige ikkje Kattekismus å symma forde dei ikkje kan pusta å symma samtidigt. Den stakkars katten greide faktisk ikkje å bøya håve sitt langt nok bag te at vattene ikkje kom inn i nasen meste heila tiå i tillegg te at de va øve munnen.

6.Ein gong i kyllinghuse trødde eg på ein kylling sånn at invollane kom ud.(den her va ikkje me vilje)

Eg tikke Camilla, Pia, Ida, Irene, Jostein og Beate

lørdag 3. mars 2007

Det er ikkje gull alt som glimrar

Hugsar de Kalle Kanin? Han på barne-tv for 17-18 år siden som likte så godt asparges? Og så var det den slemme ulven som lagde ei tønne-felle med nettopp denne grønnsaken. Då Kalle kom forbi, la han merke til lokkematen i tønna. Han stoppa opp. "Det ser ut som asparges" meinte han og gjekk fram for å lukte. Joda, jammen kunne han ikkje slå fast at "Det lukter som asparges" òg. "Det er asparges!" jubla han, og så vart han fanga av ulven.

Kalle sto så levande for meg igjen då eg leste nyheitene om Mills som blir nekta av Landbruksdepartementet å kalle Vita hjertego' for ost, berre på grunn av at 97,7 prosent av melkefettet er fjerna.
Kritikken er grunna på at melk visstnok skal være ein viktig ingrediens i ein ost.

Men som fagsjef Linda Granlund i Mills (muligens inspirert av Kalle Kanin) sa: «det ser ut som en ost, smaker som en ost og oppfører seg som en ost».
Ergo må det være ein ost.









(sitat henta frå abcnyheter.no, artikkel fra 24.februar "Full krangel om hva som er en ost").

fredag 2. mars 2007

Chapati

I dag lærte Robert meg å lage chapati (men eg lærte ikkje korleis ein staver det). Chapati er ein øst-afrikansk rett som minner om potetkake, berre uten potet. Og så er det heller slett ikkje ei kake. Men godt er det!



Chapati på ein-to-tre

Rikeleg med kvinnelege styremedlem

Utdrag fra artikkel på www.ukeavisenledelse.no, fra 10.01.07:

"Mange kvinner i kristne styrer
Nesten halvparten av medlemmene i "kristne" styrer er kvinner [...]
Vårt Land har gjennomgått styrene i 45 stiftelser og organisasjoner tilknyttet kristenfolket, og har funnet at 153 av 358 styremedlemmer, 43 prosent, er kvinner.
[...]

I styret til Norges Kristelige Studentforbund er åtte av seks medlemmer kvinner."

Ja, de må eg sei. De e ikkje mange andre så greie å få så mange dame inn i styret. Gratulere, NKS!

fredag 23. februar 2007

Redningsaksjon

I lekehyttå fannt Unn Iren ein forfrossen stakkars eddarkopp. Han bevegde seg ikkje i de heila tatt, men udenom de så såg an fine å tjukke ud. Så då prøvde me å blåsa litt på an. Itte litt av denne føningå, blei an så livlige så. Nå leve an lykkelig sine daga i boghyllå inne i lekehyttå vår.







Edna Edderkopp






Både fru Edna og herr Petter Edderkopp liker det best når sola skin

søndag 18. februar 2007

Pirosjki og New York

Pirosjki (russisk/aserbajdsjansk fast food) og New York har vel eigentleg ikkje så mykje til felles, viss me ser vekk fra at innholdet i begge er ei stappe av mykje rart. Men hadde det ikkje vore for at tre familiemedlem er i New York, så hadde me ikkje hatt heile kjøkkenet og stova for oss sjølv i går til å lage denne fantastiske retten.



Signe-Lisa og Andrea et pirosjki i Aserbajdsjan











Pirosjki i Leiteveien 40





Etter at eg hadde spist meg mett på pirosjki og på det nydelege ferske brødet til Pia, såg me Pirates of the Caribbean. Den hadde ingen slutt! Eg blei så skuffa =(

Ellers så må eg ikkje gløyma det fantastisk store som skjedde på laurdag: Pia vant i eit spel! Faktisk meir enn ein gong òg. Fyrst vant ho ein gong i spøkelset og så blei ho president i Presidenten. Siden presidenten fekk dei tre beste av bomsen, fekk ho behalde den gode stillinga si to rundar før ho brutalt føyk ned som boms. Jaja, no veit me i alle fall at det er mogleg. Så: Gratulerer, Pia!

tirsdag 13. februar 2007

Det Store Skinkeboks-Slaget

Ikkje alle skinker overgir seg like lett. I går var me fire mann (eller eigentleg ein mann og fire kvinner), men strevde likevel lenge for å få knerta boksen.

Det heile starta med at far skulle ha karatreff heime. Og siden mor ikkje var heime, og kjøleskapet nokså tomt, foreslo me jentene i huset at han skulle skjære opp ei skinke til maten og servere. Då ser brødmåltida straks mykje stiligare ut.

Så var det berre å få opna den boksen då. Han hadde ikkje sånn nøkkel ein kan dra i for å få opp lokket. Først prøvde me boksåpnaren vår, eit gamalt, kvitt apparat på veggen som blei satt opp omtrent same tid som huset vårt. Denne svikta totalt. Alt han gav, var eit lite kikkehol inn til skinka.

Etter lang romstering i skuffene fann far eit anna opnereidskap. Han var den einaste som forsto at den metalldingsen var til å opne boksar med. Eg trur ikkje metallsaken forsto det sjølv ein gong. Han laga nokre store, trekanta hol, men tok med seg trekantbiter av kjøtet med det same.

Alternativ nummer fire var å prøve med ein raud lommekniv. Det gjekk heller ikkje så godt.

No var me ganske leie. Boksen såg ganske smadra ut og likeså den lille delen av skinka som hadde kome fram i dagslyset. Det var rett før eg sa meg einig med muslimane i at gris er best å ikkje ete. Det vart jo berre griseri over heile benken. Vanlig kniv virka heller ikkje. På toppen av det heile skar far seg to gongar på dei kvasse kantane av herr Skinkeboks.

Men på mirakuløst vis ga motstandaren vår seg til slutt. Unn Iren tok det modige sluttoppgjøret med å pirke innholdet ut gjennom det lille holet me hadde laga, medan dei stolte og til dels blodige seierherrane (igjen, ein herre og resten frøkener) sto og såg på.

Kven sa vel at fire mot éin er urettferdig?












skada finger

våpena












prosessen

På tur

Fire tobeinte og to firbeinte på tur til gapahuken ved Dalsnuten (Unn Iren gjekk før eg kom på at fotoapparatet var med).



tirsdag 6. februar 2007

Samefolkets dag, 6.februar

Hurra!



Das Urteil klar til dom

Endeligt! Nå e eg heilt ferige me Kafka-presentasjonen min, analyse av das Urteil. Ikkje akkurat de lettaste eg har prøvd meg på. Kjenne meg så klar for å få arbeide mitt slakta av leraren imårå...

fredag 2. februar 2007

Ubestemmelige ting

Någen ting e rett å slett bare ubestemmelige. De gjelde fysst å fremst mad, men åg andre ting. Sjøl om eg prøve mitt besta å finna ud om eg lige d eller ikkje, så greie eg d ikkje.
Her e ei lista øve de ubestemmeliga (du må gjerna tipsa meg om meir viss du forstår ke eg snakke om å vett om någe):

- Paprika (så sprøtt å saftigt, men de smage så merkeligt!)
- Läkerol kaktus. Kan kaktus ver godt?
- Lyden av kviskring. E de plagsomt elle e de ein rolige fine lyd?
- "ullete mjølkage" fra Aserbajdsjan
- vekkerklokke.e de best å komma på tiå eller best å få sova lenge?
- leverpostei
- snø

onsdag 31. januar 2007

impuls

Impuls va bra! Å så va de så koseligt å ha Signe-Lisa på besøg. Eg sto på gus-stand me Signe-Lisa. Her e någen bilde fra den fina helgå:


Signe-Lisa på Stand . besøk på stand av Mirjam og Anne(Anne prøver sauehatten)
impuls 2007!

talar

Kebab på Ankara Kebab etterpå. Namnam!



tirsdag 30. januar 2007

Herzlichen Glückwunsch zum Geburtstag, Pia!


Den 30. Januar, rett før klokka tolv om natta, for 17 år siden blei Pia Schley født! Gralla me dagen, Pia=)